Tilsette


OLE RUNAR AABREKK
Dagleg leiar i Utmarksressurs. Har 3-årig utdanning i utmarksforvaltning frå Høgskolen i Hedmark, avd. Evenstad. Har stor interesse for jakt og forvaltning. Ole Runar er oppvaksen i Oldedalen i Stryn kommune, men bur no i Stryn. Har vore sentral i å etablere og bygge opp Utmarksressurs, med dei tenester vi tilbyr i dag. Sidan 2008 har Ole Runar jobba heiltid med firma. Forutan drift av firma er ansvarsområde viltforvaltning og sal av turskilt.

CHRISTIAN BONVIK
Er knytt til Utmarksressurs utan fast stilling. Har 3-årig utdanning i utmarksforvaltning frå Høgskolen i Hedmark, avd. Evenstad. I tillegg til dette har han studert 1 år med geografiske informasjonssystem (GIS) ved Høgskolen i Telemark, avd. Bø. I forbindelse med studiane har han arbeidd i fleire prosjekter med kartlegging av vandringsruter, ernæring, områdebruk og matvanar hos blant annet elg og hjort. I tillegg til dette har han skrevet to prosjekter som omhandlar hjortens bevegelsar sommar og haust med bakgrunn i data frå GPS-merket hjort i Telemark. Christian har tidlegare jobba som sjølvstendig næringsdrivande i firmaet Utmarksanalyse.


HENNING COLBJØRNSEN
Er knytt til Utmarksressurs utan fast stilling. Av utdanning har Henning 1-årig grunnfag samfunnspolitikk og offentleg forvaltning frå Høgskolen i Lillehammer. 3-årig utmarksforvaltning, samt 1-årig skogforvaltning frå Høgskolen i Hedmark, avd. Evenstad. Han har alltid hatt ei sterk interesse for jakt og fiske, og dette er bakgrunn for val av utdanning. Henning er født og oppvaksen i Rælingen i Akershus.