Stiarbeid

Alle stadar i verda der mennesket har ferdast, har det til alle tider blitt stiar og vegar. Behov, bruk og bredde er endra med tida, men stiane har alltid vore viktig. Ein sti er dynamisk. Den vil endrast med meir eller mindre bruk og klimatiske forhold.

Bruken av stiar og naturen i sin heilskap er endra frå nytteformål til i hovudsak dreie seg om rekreasjonsformål. Det ser vi godt på alle lokale stiar som synleg har fått større ferdsel. Ferdselen har auka betrakteleg også i tilknyting til kjende turmål, både frå norske og utanlandske turistar. Og det er jo gledeleg. Men kan også ha ei anna side.

Det er ikkje sikkert stien har forutsetningar for å handtere ferdselen utan at det får konsekvensar for f, eks. naturverdiane i området.

Så kva skal en gjera?

Normalt ynskjer ein å utbetre eller restaurere ein sti utan at det fremstår som eit framandelement i landskapet. Samtidig ivareta naturverdiane og handtere slitasjen grunna den auka ferdsel. Då er det mange omsyn å ta. For å oppnå ønska effekt, vil det være behov for kunnskap om blant annet bruken, vegetasjon, toleevne og anleggsteknikk.

Så kvar begynner vi?

Vi vil sterkt anbefale å starte med ein kartlegging og behovsvurdering. Slik kan en treffe godt med tiltaket og unngå unødig dyre løysningar. Ein trenger ikkje finne opp hjulet på nytt. Vi har erfaring med stiarbeid frå sjø til høgfjell, vi vil kunne hjelpe dykk.

Tilsyn

Frå vinteren 2021 har vi også moglegheita til å utføre tilsyn med stiar som er eller kan være ekstra utsett. Slik at ein kan oppdage utfordringar i ein tidleg fase og unngå store tiltak. Vi har kontor i Vestland og Viken, men opererer i heile landet.

Ta kontakt