Heim

Vi er Utmarksressurs AS.

OM OSS
Utmarksressurs AS er eit rådgjevande firma som yter tenester innan eit breitt spekter knytt til utmarksforvaltning. Geografisk held vi til i Stryn, Nordfjord, men tek òg jobbar i andre deler av landet.

VÅRE TENESTER
Vi yter tenester innanfor fagområdet utmarksforvaltning. Viltforvaltning er sentralt i fleire av våre tenester, men vi har også kompetanse på anna naturforvaltning. Utmarksressurs ynskjer å bidra til ei berekraftig forvaltning av naturressursane. Vi ynskjer å vere eit verktøy til verdiskaping for våre kundar. Med vår kunnskap på natur og forvaltning tilbyr vi med anna hjelp til planarbeid, registrering og taksering.

I Stryn i Nordfjord er eit miljø med lang erfaring med restaurering og bygging av stiar for vandring. Vi har sidan 2008 jobba med store prosjekt, frå lågland til høgfjell.