Metode.
Vi brukar tannsnitting som metode for fastsetting av alder. Dette er ein enkel metode, som er noko tidkrevjande men med erfaring svært nøyaktig. Framtennene i underkjeven trekkast ut heile. Det er rota som blir nytta, så det er viktig at tanna er heil.
Alderen kan no lesast av under mikroskop, som årringar i eit tre. Resultatet blir lagt inn i tabellar som viser alder til kvart enkelt individ.
De kan føle dykk trygge på at vi har den rette bakgrunn og kompetanse som skal til.
Presentasjon av resultat.
Vi kan presentere resultatet slik kunden ynskjer det. Har ikkje kunden nokon spesielle ynskjer blir det presentert i en enkel excel-tabell.
Som nemnd leverar vi det slik kunden ynskjer, skulle det være ynskjeleg med ein meir utfyllande rapport gjer vi sjølvsagt det. Diagram der alder sett i samanheng med vekt og kjønn er svært interessante.